Som ny direktør i Surofi er eg glad for å få lov til å skrive ei innleiing til årsmeldinga. Å få tre inn i denne rolla i ein organisasjon med så sterke tradisjonar, og med ein så sentral posisjon i norsk fiskerinæring, er både inspirerande og ansvarsfullt.
2025 vil bli ståande som eit historisk år for Surofi. Med ei samla omsetning på 4,5 milliardar kroner sette vi, som året før, ny rekord. Dette er ein god illustrasjon og indikator på verdiskapinga som skjer langs kysten vår, og på innsatsen som vert lagd ned kvar einaste dag om bord i fartøya, på kaikanten, og i industrien. Rekordomsetninga fortel også om sterke marknadar og høg betalingsvilje for norsk villfanga fisk.
2025 markerer eit skifte i samansettinga av artar i omsetninga vår. For første gong sidan 2013 er seien igjen den viktigaste arten for Surofi, målt i verdi. Surofi har tradisjonelt vore eit seilag, og seien har gjennom generasjonar vore berebjelken i aktiviteten i distriktet vårt. At seien igjen tok posisjonen som den viktigaste arten i 2025, knyter oss til historia, og viser kor avgjerande han er for sysselsetting, lønsemd og råstofftilgang i regionen.
Men bak sterke tal ligg det krevjande realitetar. Lave kvotar på både torsk og sei, og lave fangstrater for sei, pregar kvardagen for flåten og industrien. Det same gjer ei streng regulering av fisket etter brosme og lange. Reduserte kvotar fører til tøffare prioriteringar, mindre stabilitet, og auka konkurranse om råstoffet. Samstundes har råstoffprisane vore høge. For fiskarane er dette kjærkome i ein periode med reduserte kvotar og kostnadsvekst. For kjøparar og vidareforedlingsledd gir høgare prisar desto større krav til effektiv drift, marknadstilpassing og risikohandtering.
Eit sentralt spørsmål framover er korleis sluttmarknadene vil reagere på det høge prisnivået. Norsk fisk har eit sterkt omdømme internasjonalt. Kvalitet, berekraft og påliteleg levering er nokre av kjenneteikna. Likevel er vi avhengige av at konsumentane opplever at verdien står i høve til prisen. Vi må håpe og arbeide målretta for at norsk fisk ikkje vert vald bort til fordel for rimelegare alternativ. I ei tid med geopolitisk og økonomisk uvisse i mange marknadar er dette ei reell utfordring for heile verdikjeda.
I dette landskapet spelar salslaga ei avgjerande rolle. Samfunnsoppdraget vårt handlar om langt meir enn omsetning. Vi skal dokumentere ressursuttaket på ein nøyaktig og etterprøvbar måte. Vi skal kontrollere kvotar og fiskefelt, sikre korrekt setelføring og kvoteavrekning. Dette arbeidet er grunnleggande for tilliten til forvaltinga av ressursane våre. Denne kontrollen sørger for like konkurransevilkår, ryddige forhold og ei berekraftig utnytting av bestandane våre.

Vi skal kontrollere kvotar og fiskefelt, sikre korrekt setelføring og kvoteavrekning. Dette arbeidet er grunnleggande for tilliten til forvaltinga av ressursane våre. Denne kontrollen sørger for like konkurransevilkår, ryddige forhold og ei berekraftig utnytting av bestandane våre.
Dokumentasjonsarbeidet Surofi gjer dannar grunnlaget for fangstsertifikata som er nødvendige når fisken skal eksporterast til dei viktigaste marknadene våre. Utan korrekt og truverdig dokumentasjon vil eksporten kunne stoppe opp. I ein stadig meir regulert og kontrollert internasjonal handel er dette arbeidet viktigare enn nokon gong. Det handlar om marknadstilgang, omdøme og langsiktig konkurransekraft for norsk fisk og skaldyr.
90 % av omsetninga i Surofi er fryst fisk. Tenestene fryselagera i distriktet vårt leverer er viktig for heile næringa, også for omsetninga og ressurskontrollen til Surofi. Vi i Surofi set stor pris på å få samarbeide med gode og profesjonelle fryselager i regionen.
I tida framover må vi kombinere evna til å handtere kortsiktige svingingar med eit langsiktig perspektiv. Kvotesituasjonen kan variere frå år til år, prisnivået kan endre seg, og marknadene vil alltid vere i endring. Oppgåva vår er å sikre at rammene for omsetning og kontroll er solide, godt regulerte, og tilpassa ei næring i utvikling.
Eg ser fram til å møte medlemer og samarbeidspartnarar i tida som kjem, lytte til erfaringar og synspunkt, og saman vidareutvikle Surofi, samstundes som vi tek vare på heilheita i samfunnsoppdraget vårt. Rett før nyttår flytta vi inn i nye lokale i Røysegata 15. Kom gjerne innom for ein god fagprat over ein kaffikopp.
Avslutningsvis vil eg rette ein stor takk til alle som bidreg til aktiviteten i salslaget – fiskarar, kjøparar, tilsette og tillitsvalde. Det er innsatsen dykkar som gjer rekordomsetning mogleg, som sikrar korrekt forvalting av ressursane, og som sørgjer for at norsk fisk når fram til forbrukarar over heile verda.
På Sunnmøre og i Romsdal har vi fiskarar, fryselager, fiskehandlarar og fiskeindustri i verdsklasse. Saman skal vi arbeide for at marknadene har tillit til oss, og at varene som blir levert held posisjonen sin som eit føretrekt val, også i møte med krevjande tider.
Kyrre Dale