§ 1.
Laget sitt namn er Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag.
§ 2.
Laget har avgrensa ansvar og skiftande kapital og medlemstal.
§ 3.
Laget sitt formål er å ta seg av omsetning av fisk, biprodukt av fisk, kval og skaldyr for fiskarane, og få så gode prisar som råd er.
Verksemd som laget driv og som ikkje direkte er organisering av førstehandsomsetninga, skal skje gjennom eigne selskap.
§ 4.
Laget sitt virkeområde er Sunnmøre og Romsdal, med kontor og verneting i Ålesund.
§ 5.
Alle fiskarar og båteigarar frå Sunnmøre og Romsdal som leverer fisk gjennom laget kan vere lagsmedlemmer. Utmelding av laget blir gjort gjeldande frå 31. desember i kalenderåret etter at skriftleg utmelding er mottatt. Ei utmelding kan ikkje bli trekt tilbake før etter to månadar frå skriftleg utmelding er mottatt av laget. Eit utmeldt medlem kan ikkje takast oppatt som medlem i laget før eitt år etter at utmeldinga er gjort gjeldande.
Utmelding av laget gir ikkje rett til utbetaling av nokon del av midlane til laget.
§ 6.
Laget skaffar seg kapital såleis:
Ei avgift på verdien av omsett fisk gjennom laget. Avgifta vert fastsett av representantskapet, og skal godkjennast av Fiskeri- og kystdepartementet.
Kr. 900.- frå Møre og Romsdal Fiskarlag.
Kvart medlem svarar berre for si vedtektsbundne avgift.
§ 7.
Laget vert styrt av eit representantskap og eit styre.
I representantskapet skal det vere 28 medlemmer med personlege eller nummererte varamedlemmer. Årsmøtet i Møre og Romsdal Fiskarlag vel 16,
Aalesunds Rederiforening vel 8 og Norsk Sjømannsforbund i Sunnmøre og Romsdal
vel 4. Representantane må vere frå ymse kantar av av laget sitt distrikt, og helst såleis at alle slags fiskeri får talsmenn der.
Representantane med varamedlemmer vert valde for to år om gongen, og gjer teneste til nytt val. For å vere valfør som representant må ein vere medlem av laget i samsvar med paragraf 5 i vedtektene.
§ 8.
Representantskapet har høgste rådvelde i laget.
Ordinært representantskapsmøte (årsmøte) skal haldast kvart år før 30. juni. Ekstraordinært representantskapsmøte vert halde når styret eller minst 1/3 av representantskapet krev det skriftleg til ordføraren i representantskapet.
Representantane vert kalla inn til møte av ordføreren i representantskapet skriftleg med varsel på minst seks veker. Kjem det noko særs på, kan representantskapet kallast inn
på kortare varsel.
På same måte vert styret, kontrollnemnda og administrasjonen kalla inn til møtet.
Dei tek del i drøftingane, men utan stemmerett.
Saker som skal leggjast fram for representantskapet må vere komne inn til styret seinast fire veker før representantskapsmøtet.
På ekstraordinært representantskapsmøte skal berre dei sakene som er nemnde i innkallinga handsamast.
Representantskapet kan ikkje gjere vedtak utan at 2/3 av representantane møter. Møter ikkje så mange, vert det kalla saman til nytt møte, og dette møtet kan gjere vedtak utan omsyn til kor mange som møter.
§ 9.
Representantskapsmøta vert leia av ordføraren eller varaordføraren, som vert valde for eitt år om gongen, og gjer teneste til nytt val.
Det skal førast protokoll over møta. Før møtet er slutt, skal protokollen lesast opp og ordføraren og sekretæren skrive under.
§ 10.
Avrøystingar skal vere skriftleg eller ved namneopprop, når nokon krev det. Kravet om skriftleg avrøysting går framom namneopprop. Mellom like røystetal med skriftleg avrøysting vert avgjerda teken med loddtrekning. Ved like røystetal elles, vert røysta til ordføraren avgjerande.
§ 11.
Ordinært representantskapsmøte skal ta føre seg:
1. Konstituering og val av nemnder
2. Styrets og kontrollnemndas melding for siste år.
3. Styrets forslag til årsrekneskap.
4. Val av styremedlemmer med personlege varamedlemmer
5. Val av styreleiar og nestleiar.
6. Val av representantskapets ordførar og varaordførar
7. Val av kontrollnemnd, val- og lønsnemnd med funksjonstid fram til neste
ordinære representantskapsmøte
8. Vederlag til styret, formann, nemnder og representantane.
9. Val av revisor og godkjenning av revisors honorar
10.Andre saker som er tekne opp av styret, representantar eller som er framlagt av
Fiskeri- og kystdepartementet i samsvar med vedtektene.
§ 12.
I styret for laget skal det vere ti medlemmer, der ni medlemmer vert valde av representantskapet og ein blant dei tilsette.
Fem styremedlemmer skal representere Møre og Romsdal Fiskarlags medlemmer, tre styremedlemmer skal representere Aalesunds Rederiforenings medlemmer og eitt styremedlem skal representere Norsk Sjømannsforbunds medlemmer.
Det skal veljast personlege varamedlemmer. Styremedlemmer og varamedlemmer vert valde for to år om gongen med unntak av dei tilsette sin representant og varamedlem, som vert valde for eitt år om gongen.
Styreleiar og nestleiar skal veljast ved særskilt val for eitt år.
Dei tilsette sin representant vert vald ved direkte val mellom dei tilsette i Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag.
Valperioden er mellom to påfølgjande representantskapsmøter.
Lengste samanhengende tenestetid i styret er åtte år som styremedlem. Styreleiar kan ha samanhengande tenestetid i styret inntil tolv år.
§ 13.
Styremøte vert halde når styreleiar eller minst tre av styremedlemmene krev det. Styret kan ta avgjerder når leiar eller nestleiar og fire andre av styret er tilstades. Mellom like røystetal avgjer røysta til styreleiaren. Det skal førast protokoll over møta.
§ 14.
Styret skal:
1. Styre laget i samsvar med vedtektene og vedtak av representantskapet.
2. Arbeide for å få så gode prisar for fisk som råd er.
3. Avgjere kva slags fisk som skal omsetjast gjennom laget.
4. Tilsetje administrerande direktør og øvrige leiarar. Setje opp instruks for dei og
fastsetje løna deira.
5. Syte for forsvarleg rekneskapsføring og revisjon.
6. Avgjere kven som skal binde laget med underskrifta si og gi prokura.
7. Ta avgjerd i andre saker og enn dei som vedtektene nemner, særskilt når tilhøva gjer
det naudsynt. Slike saker med alle opplysningar skal leggjast fram for
representantskapet på første møte.
8. Elles arbeide - så godt det kan - til beste for laget.
§ 15.
Styret kan mellom seg velje eit arbeidsutval (AU) på fire medlemmer for eitt år om gongen. Dette utvalet kan direktøren tilkalle og rådføre seg med i særskilde høve, og det har då fullmakt til å ta avgjerder på vegne av styret. Styret set opp rettleiing for dette utvalet. Over møta skal det førast protokoll som utvalet og administrerande direktør skriv under.
§ 16.
Ein som er tilsett i laget kan ikkje ha tillitsverv i salslaget, med unntak av dei tilsette sitt styremedlem.
Ingen kan samstundes vere vald som fast medlem til representantskapet, styret eller kontrollnemnda.
§ 17.
Medlemmer av representantskapet, styret eller kontrollnemnda kan berre ha minoritetsinteresser i forretning som kjøper fangst av laget for tilverking eller omsetning. Unnateke er overtaking av eigen fangst.
§ 18.
Tvistemål mellom laget og fiskarane kan, dersom partane vert samde om det, med rettskraft avgjerast av ei meklingsnemnd på tre medlemmer. Partane nemner opp ein meklingsmann kvar og Fiskeridirektøren nemner opp den tredje som fungerar som
leiar.
Meklingsnemnda avgjer kvar gong kven som skal bere sakskostnader. Dersom partane ikkje vert samde om å løyse tvisten på denne måten, står det dei fritt å søkje tvisten
avgjort ved vanleg rettergang.
§ 19.
Vedtektsendringar kan representantskapet gjere med 2/3 fleirtal av dei møtande.
§ 20.
Laget skal leggje seg opp reservefond.
Minst ein tiandepart av det årlege nettooverskotet skal leggjast til reservefondet til det har nådd kr. 2.000.000,-. Kjem det under denne summen, skal det oppatt etter
same regel. Fondet må berre brukast til å dekkje underskot som laget
har hatt og som ikkje kan dekkjast av annan eigenkapital.
§ 21.
Til oppløysing av laget krevst at framlegg om det først har vore handsama av styret.
Saka må ha minst 2/3 av representantskapsmøtet sine røyster for oppløysing, og at minst 2/3 av representantane er til stades. Møter ikkje så mange, vert det kalla inn til nytt møte. Får framlegget då minst 2/3 fleirtall av dei møtande, vert laget å løysa opp. I det fall må representantskapsmøtet samstundes avgjere kva midlane til laget skal gå til.
§ 22.
Laget sin forretningsmessige leiar (direktør) skal godkjennast av Fiskeri- og kystdepartementet.
Fiskeri- og kystdepartementet kan nemne opp ein offentleg kontrollør for laget. Kontrolløren si løn skal fastsetjast av departementet og betalast av laget. Representantskapet si avgjerd om bruken av laget sine midlar i tilfelle av at laget vert oppløyst, skal godkjennast av Fiskeri- og kystdepartementet.
§ 23.
Vedtektene skal vere godkjende av Fiskeri- og kystdepartementet.
Ålesund 27. april 2006